Innlegg

22. desember 2020

Bilde
#kreftogkorona Det viktigaste først - vær så snill å halde avstand i jula òg! Torsdag ettermiddag, mens me framleis var på Haukeland, møtte eg ein kjær kollega, og venn, som var innom Haukeland for å gje blod – ein av heltane våre altså.  Det var ganske tomt i vrimleområdet slik det er der når det går mot kveld. Me kunne derfor slå oss ned på eit bord i det nye pasientreiser-området utan å bli stressa pga. for mange folk. Å få treffe ho ein liten time var fantastisk Eg kjente kor underernært eg er på sosial kontakt utanom sjukehuslivet.  Og det er me vel alle etter eit langt, lite år på heimekontor og med sosial distanse. Då me skulle seie ha det hadde eg berre så lyst til å gje ho ein klem, eller aller helst å få ein. Men ho har sine klemmevenner som ho har peika seg ut for året, og fleire skal ho ikkje ha i følgje Høie. For Emma er det ekstra tungt å vera sjuk i koronatid. Sjølv om det er mindre som skjer i år, og som ho dermed går glipp av, så er det frykteleg einsa...

21. desember 2020

Bilde
Vintersolkverv I dag er det vintersolkverv – dagen før det snur.  Følelsen når noko negativt snur og går mot noko betre, er fantastisk. Elendige blodverdiar som plutseleg viser snev av betre tider gir ein slik føllelse. Men det er lurt å nyte mindre, positive hendingar òg når dei byr seg.  I dag er det vintersolkverv🌞 Store norske leksikon forklarar vintersolkverv slik:  dagen i året som har kortest periode med dagslys og lengst periode med nattemørke. Dette skyldes at dette er den dagen da Solen står lavest på himmelen midt på dagen (minste middagshøyde) ( snl.no ).  At det er den kortaste dagen i året vil òg seie at i morgon går det mot lysare tider. Sola snur og kloden førebur seg på vår.   Kjenn litt på det midt i julestresset💛 Sjølv om januar og februar nok blir lange og mørke som dei pleier, jobbar altså naturen på for at me skal få ein ny, lys og fin vår. Eg synes det er herleg å tenkje på.  For Emma ventar fortsatt ein lang og mørk vinter,...

20. desember 2020

Bilde
På jakt etter ladestasjon Ein ting som eg tidleg fann ut då Emma blei sjuk, var at det var nødvendig å finne ein måte å lade batteria på. For meg har det vore å gå i idrettsparken og vera med Sotra damelag💜 Eller med og med, det er vel mest snakk om å vera #rundtlaget😍 Rosa-trening tidlegare i haust i samband med rosa sløyfe-aksjonen til Kreftforeningen I dag er det fjerde søndag i advent og me er vel heime. Neste fase er i gong, med pilledosett og jobbing for å få i Emma nok ernæring medan me kryssar fingrar for at kvalmen skal avta litt og kreftene auka.  Innspurten mot jul er så smått i gong. Det er framleis kaos og mykje som ikkje er klart, men det blir jul. Og eigentleg ligg me bra an, mykje takka vera naboar og vener som har bidratt med både bakst, blomar og flax-kalender💜 Alt dette hjelper veldig på for å ikkje få flatt batteri før det heile har begynt. I tillegg så har eg enno litt straum igjen frå siste fotballtreninga før jul, som eg klarte å få med meg. I år blei det ...

19. desember 2020

Bilde
Driving home for Christmas🌲 Med stigande blodverdiar og dalande CRP, er Emma sin plan i dag å prøve å gå vegen ut til heisen, og så vidare ut til bilen, på eigne bein. For i dag får ho reise heim💜 Det kan godt hende det ikkje går å gå, for Emma er langt frå frisk sjølv om ho no er frisk nok . Men i så fall blir det tid til meir opptrening seinare. Då iler eg ned og hentar ein rullestol. No gjeld det å få litt laurdag heime. For når det er tid for heimreise, så hastar det veldig. Me gler oss til å seie ha det enn så lenge til post 2, sjølv om julatreet har komme på plass i gangen og skaper fin julestemning. Utanfor glaset glitrar lysa til helikopterdekket, og Bergen sentrum ser fin ut herifrå. Det blir berre for nokre dagar før neste besøk, timelista er allereie bra lang, men først er det heim. Og det er ikkje det at ein ikkje har det bra her, for det har ein jo på eit vis. Når ein er sjuk, så er dette den beste staden å vera. Sjukepleiarane følgjer Emma tett opp, og har f...

18. desember 2020

Bilde
 Noko hadde skjedd... Då eg opna døra til rom 481 i går såg eg med ein gong at det hadde skjedd noko. Døra frå slusa og inn til sjølve rommet stod på vid vegg. Nokon måtte ha vore veldig uforsiktige. Eg fekk med ein gong ein litt rar følelse inni meg. I går morgon klarte eg ikkje heilt å komme meg i gong. Då eg eigentleg var klar til å køyre opp til Haukeland, kjente eg at eg rett og slett måtte kvile ein liten halvtime på sofaen. Emma ringte akkurat i det eg la meg nedpå, og eg fortalte at eg var på veg, men at eg berre måtte samle litt krefter først. Derfor kom eg opp litt seinare enn dagane før. Det viste seg å vera ein stor tabbe. For årsaka til at slusedøra stod open var det eg såg berre nokre tidels sekundar seinare. Emma si seng hadde blitt pynta med seks norske flagg. Dei hadde feira at ho ikkje lenger må vera isolert. Blodverdiar av typen eg enno ikkje har lært meg namnet på, er no slik at immunforsvaret er på stigande kurs og beinmergen jobbar på slik han skal...

17. desember 2020

Bilde
Det skumlaste akronymet... Etter månader med testing og måling må eg innrømme at eg begynner å få eit litt problematisk forhold til blodprøvar. Sjølv om blodprøven no viser at det går framover med Emma, synes eg han som oftast gir magevondt. Eitt av måla er jo CRP-nivået. Akronymet CRP står for C-reaktivt protein og viser om det er betennelse i kroppen- Fleire gongar dette året har stigande CRP fortalt oss at Emma må bli verande innlagt nokre dagar til. Så fell plutseleg nivået og ein føler seg heilt utruleg letta. Akkurat no er CRP-en til Emma på veg ned, noko som gir meg eit stigande optimismenivå. CRP-en er noko ein følgjer med på i mange samanhengar, og eit mål som er kjent for svært mange vil eg tru. Blodprøven til Emma blir derimot sjekka for ei anna sanning som er mykje verre og skumlare, nemleg kor aktiv kreftsjukdommen er, og kor godt han responderer på behandlinga. Dette ser ein ved å måle tumormarkøren .  Ulike kreftformer gir opphav til ulike tumormar...

16. desember 2020

Bilde
Ventesone C... Det me ventar intenst på no er at beinmergen igjen skal produsere blodceller etter at høgdosekuren har drepe altfor mykje til at Emma sin kropp kan overleve utan. Og i går tidleg fekk eg beste telefonen på lenge.  Det var Emma - som fortalte at no har det snudd!!! Dei kvite blodcellene er så vidt i gong. At ho ringde var jo i seg sjølv fantastisk, sidan ho ikkje har klart å snakke noko særleg meir enn to-tre ord på lenge. Og sjølv om det berre var ei lita endring så kjente eg det godt i magen, på ein positiv måte. For  når det først har snudd, går nivået ikkje ned igjen.  Men det nyttar ikkje å vera utolmodig, me må framleis vera i venteland. Imens kan eg fortelje om ei anna ventesone.  Midt i koronaåret innførte Haukeland utprøving av det digitale venterommet. Prøvekaninen var poliklinikken, noko som var litt uheldig synes eg. Den skjøre stemninga som var der før automatisk registrering og digitale oppslagstavler som viser kva rom du skal ...