Innlegg

4. desember 2020

Bilde
  Tid for høgdose... 😔        Haukeland er no pynta til jul Emma er no på fjerde og siste dag av HMAS , det vil seie høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte. Det er den tredje typen kur ho får, etter BEP og TIP.   For å bli frisk må ho ha HMAS-kur to gonger. Så langt har rutinen vore mykje som ved tidlegare kurar. Først er det kvalmestillande å få, før posane med kur som skal gis blir hengt opp på Gustaven. Når alt er klart og slangane er kopla opp til Emma sitt CVK-kateter, begynner Gustaven med tikkinga som varer time etter time.  Ikkje så reint sjeldan begynner han å pipe og ule pga. luftbobler i systemet. Dette skjer oftare med denne cellegiftblandinga enn tidlegare, men heldigvis har Emma lært seg til korleis ho kan kile han så han roer seg ned igjen. Etter som dagen går orkar ho likevel ikkje klø på han meir. Då trer eg inn og drar i det raude tilkallingsbandet etter hjelp. Etter ein nervøs start som sjukehusnoobar...

3. desember 2020

Bilde
BEP, TIP og HMAS med éin A... For eit språkmenneske med minimalt med naturfag i utdanninga har den "medisinske" læringskurva sidan 1. april vore stupbratt.  Som pårørande er det både skummelt og til tider blytungt å måtte få kunnskap om noko ein slett ikkje har behov for å lære særleg mykje om, nemleg kreftbehandling, og alt som følgjer med det. Då hjelper det å kunne nøye seg med akronyma. Emma er no i gang med den tredje typen cellegiftbehandling. Det begynte med BEP, fortsette med TIP og sluttar no med HMAS (med berre éin A). Som de ser har alle kurane namn i form av akronym, og då delvis initialord. Dette gjer at eg kan følgja med i samtalen utan å måtte vite (og ikkje minst hugse😵) at det er snakk om følgjande (for BEP og TIP cellegifter): BEP -  bleomycin, etoposid og cisplatin TIP - paklitaksel, cisplatin og ifosfamid HMAS - høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte Lista over såkalla kombinasjonsbehandlingar , som BEP- og HIP-kurane, er lang, og mange akronym er ...

2. desember 2020

Bilde
Gustaven...💜 Ein kar som har fulgt oss trufast frå dag éin under behandlinga er Gustaven . Alle på Post 2 på Kreftavdelinga drar rundt på eit slikt stativ, og Emma sitt heiter altså Gustaven . Namnet sitt fekk Gustaven alt første dag me møttes. Kvifor det blei slik, veit eg ikkje, men me syntes det passa godt😌.  Han står der tolmodig og held på alt det intravenøse som Emma skal ha, enten det er cellegift, saltvatn, magnesium, antibiotika, ernæring, kvalmestillande, paracet eller  leukocytter  (kvite blodlegeme).  Kvar morgon kjem det opp posar med alt som skal inn i kroppen, ferdigblanda og sirleg merka med namn og fødselsdato. Så snart Emma har stadfesta eige namn og fødselsnummer blir slangar kopla på og tikkinga kan begynne. På denne kuren Emma får no blir det hengt opp til saman 5 l veske som skal inn i løpet av sju timar - ei real arbeidsøkt kvar dag. Sjølv om han kan vera irriterande der han står og tikkar time etter time, av og til heile natta òg, så er...

1. desember 2020

Bilde
Advent - ventetid I år feirar eg advent på Haukeland universitetssjukehus saman med Emma. Julekort blir det ikkje, men i staden ein liten sporadisk juleføljetong frå sjukerommet. ⭐ 🎄 Først ein advarsel. Planen er å skrive litt om kreft og kreftbehandling, så det blir ikkje vanleg julekoslektyre. Så til dei av dåke som kan kome til å bli lei av meg, så foreslår eg at de klikker på dei tre prikkane oppe i hjørnet på dette innlegget, vel "slumre Marita i 30 dagar". Då får dåke pause frå meg til eg er ferdig og er tilbake som relativt passiv FB-brukar igjen:-) Kort fortalt vil adventstid på Haukeland seie at Emma, med meg på slep, kjem til å vera på Post 2 på Kreftavdelinga på Haukeland til rundt juletider (+/-). For tur står HMAS, dvs. høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte.  For den språkinteresserte kan eg fortelje at det går mykje i akronym, eller initialord i sjukehusspråket. Til no har Emma hatt to typar cellegiftbehandling: BEP og TIP. Og no står altså HMAS for...
Maskne😷 Som om det ikkje er ille nok med sosial distansering, pålagt heimekontor og stadig vasking av hender og bruk av antibac: Bur du i Bergensområdet eller i Oslo kan det hende du byrjar å kjenne på det spanjolar og andre europearar har merka for lenge sidan, nemleg  maskne .   «Maskne », som kjem av «maske» og «akne», er eit populært kallenamn på det at ein lettare får kviser når ein stadig må bruke munnbind. På fagspråket heiter dette fenomenet akne mechania. No når både Bergen og Oslo har fått påbod om munnbind i stadig fleire sosiale situasjonar, vil nok fleire enn helsepersonell kunne få maskneproblem.😷 Det oppstår heile tida nye ord som reflekterer det som skjer i samfunnet til eit kvar tid. Andre ord som før berre fagspesialistane brukte, blir plutseleg aktuelle og allemannseige. Alle dei orda me bruker når me diskuterer koronapandemien og krav til smittevern, er gode eksempel på det. Om nyordet  «maskne » kjem til å gjera sitt inntog i ordbøkene er en...
Bilde
Kven tenkjer du på når eg seier A-laget? Tenkjer du på senior herrar i klubben din? Og då gjerne herrelaget i fotball? Det gjer eg. Det er nemleg det eg er vaksen opp med å høyre, heilt sidan eg sjølv var spelar og opplevde at eg som jente- og damespelar ikkje fekk spela på den nye fantastiske grasbanen på Idrettsanlegget fordi graset måtte sparast til herrelaget, og kanskje juniorlaget. Heldigvis hadde me då fornuftige vaksne menn i klubben som sa at nok fekk vera nok slik at me til slutt fekk byte ut den harde, tørre grusbanen med grastustane me òg. Men framleis heiter det Bremnes il A lag og Bremnes a-lag dame på Facebook hos min kjære moderklubb. Det gjer det òg i Sotra sportsklubb der eg no held til. Me har Sotra sportsklubb A-laget , og Sotra SK damefotball . Så kan du spørje om det er noko problem? Eg meiner det er det, og er einig med Helene Uri som skriv i Aftenposten i dag at me må passe på orda våre, sidan det ligg makt i kva ord me bruker.  Innimellom nå...
Bilde
Hjelp, eg har blitt lagleiar! Dei som kjenner meg godt, veit at eitt av mine favorittomgrep er dugnad . Eg synes det er veldig kjekt å gjera dugnad og kjenne på kva det gjev. Etter mange år med vekedagar og helgar fylt med håndballtreningar og jentungar, seinare ungdommar, var dugnadsinnsatsen min slutt i fjor vår. Trudde jeg. Men så var eg kjempeheldig og fekk tilbod om eit nytt dugnadsverv rundt julatider: lagleiar for Sotra sportsklubb sitt damelag i fotball! Ny idrett, nye folk, ei heilt anna verd. Litt skummelt var det. Ikkje kjente eg hovudtrenaren, og ikkje kjente eg særleg mange av spelarane som målbevisste forflytta seg mellom parkering, garderobe, fotballhall og tilbake. Namnepugging måtte til. Av ein eller annan grunn ville hjernen helst blande enkelte som eg no ikkje kan forstå kunne blandast – dei er jo slett ikkje like og veldig seg sjølv.  Litt etter litt skjedde det som måtte skje – spelarane, trenarane, luktene frå garderoben, boden og tigerbalsamen,...