Maskne😷
Som om det ikkje er ille nok med sosial distansering, pålagt heimekontor og stadig vasking av hender og bruk av antibac: Bur du i Bergensområdet eller i Oslo kan det hende du byrjar å kjenne på det spanjolar og andre europearar har merka for lenge sidan, nemleg maskne.
«Maskne», som kjem av «maske» og «akne», er eit populært kallenamn på det at ein lettare får kviser når ein stadig må bruke munnbind. På fagspråket heiter dette fenomenet akne mechania. No når både Bergen og Oslo har fått påbod om munnbind i stadig fleire sosiale situasjonar, vil nok fleire enn helsepersonell kunne få maskneproblem.😷
Det oppstår heile tida nye ord som reflekterer det som skjer i samfunnet til eit kvar tid. Andre ord som før berre fagspesialistane brukte, blir plutseleg aktuelle og allemannseige. Alle dei orda me bruker når me diskuterer koronapandemien og krav til smittevern, er gode eksempel på det.
Om nyordet «maskne» kjem til å gjera sitt inntog i ordbøkene er enno for tidleg å seie. Det
kjem an på om ordet blir i språket vår over tid, eller om det forsvinn att når
koronaviruset forhåpentlegvis snart blir tatt tabben på.
Ord som er normerte på bokmål og nynorsk finn du i Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett.
Kommentarer
Legg inn en kommentar