Kven tenkjer du på når eg seier A-laget?
Tenkjer du
på senior herrar i klubben din? Og då gjerne herrelaget i fotball? Det gjer eg.
Det er nemleg det eg er vaksen opp med å høyre, heilt sidan eg sjølv var spelar
og opplevde at eg som jente- og damespelar ikkje fekk spela på den nye fantastiske
grasbanen på Idrettsanlegget fordi graset måtte sparast til herrelaget, og
kanskje juniorlaget.
Heldigvis
hadde me då fornuftige vaksne menn i klubben som sa at nok fekk vera nok slik
at me til slutt fekk byte ut den harde, tørre grusbanen med grastustane me òg. Men
framleis heiter det Bremnes il A lag og Bremnes a-lag dame på Facebook hos min
kjære moderklubb. Det gjer det òg i Sotra sportsklubb der eg no held til. Me
har Sotra sportsklubb A-laget, og Sotra SK damefotball.
Så kan du
spørje om det er noko problem? Eg meiner det er det, og er einig med Helene Uri som skriv i Aftenposten i dag at me må passe på orda våre, sidan det ligg makt i
kva ord me bruker.
Innimellom
når eg ikkje er oppmann(!) eller lagleiar for Sotra SKs damelag i fotball så er
eg språkforskar. Sidan det er kvinnedagen i dag tenkte eg derfor eg skulle tørre
å ta opp eit tema som eg har fundert på ei stund og det er korleis det står til
med språkbruken når me snakkar om idrett, og då spesielt fotball.
Det er mykje
som kan seiast om prioritering mellom gute- og jentefotball, kvinner og menn
senior. Seinast i går stemte forbundstinget til Norges fotballforbund (NFF) for å ta med jenter som eige kjerneområde i
komande strategiperiode, i mot forbundsstyret sitt eigentlege forslag.
Nok om det no.
Det eg
lurer på er om me, i tillegg til andre tiltak, ikkje kan få til meir
likebehandling gjennom å passe betre på korleis me snakkar om jente- og gutefotball,
og ved å bruke eit meir nøytralt språk. Vil ikkje det også gjere noko med dei
haldningane me har med oss frå gammalt av om forskjellar mellom kjønna?
Eit kjapt
søk i norske aviser viser at ‘kvinnefotball.*’ er brukt 11.073 gonger medan ‘herrefotball.*’
er brukt 956 gonger. Utan at eg har gått igjennom alle desse treffa, er det
rimeleg å gå ut frå at dette ikkje skuldast at pressa skriv mange fleire
nyheitssaker frå kvinnefotballen enn herrefotballen. I tillegg kjem dei umarkerte
treffa på ‘fotball.*’…
Eit svært
rimeleg tiltak som lett kan gjennomførast når ein no framleis skal satse
spesielt på jente- og kvinnetiltak i fotballen er akkurat å sjå på kva språk me
brukar, frå nasjonalt nivå til klubb, og i sosiale og trykte medium. Korleis snakkar
og skriv me, og kva ord brukar me.
På dagtid
er eg med og redigerer bokmåls- og nynorskordboka på nett som er dei ordbøkene
som følgjer den offisielle norma for norsk. I den versjonen som ligg ute på
nett no finn ein følgjande oppslag - 'linjemann':
Som alle
fotballinteresserte veit heiter det på fagspråket ikkje ‘linjemann’ lenger og heller ikkje 'linjedommar' som nok var den offisielle termen tidlegare. No heiter det ‘assistentdommar’. I den reviderte versjonen av ordbøkene som er under utarbeiding (og
IKKJE publisert enno) er derfor følgjande foreslått:
Ikkje berre er dette korrekt og i tråd med det NFF brukar, men det skulle berre mangle i 2020 kor NFF arbeider aktivt med å rekruttere fleire kvinnelege dommarar.*
På same
måte bør ein kunne forvente at klubbar og andre organ som omtalar fotballen tek
eit blikk på nettsider, styringsdokument og anna for å sjå etter at ein sikrar
eit språk som sikrar ein lik presentasjon av lag og grupper uansett kjønn.
NTB rapporterte
i fjor frå den norske serien slik:
Overskrifta i tabellen til høgre meiner eg er uheldig. For kvifor
skal kvinner vera det markerte kjønnet? Me burde klare å halde oss til ei
nøytral framstilling. Løysinga når konteksten ikkje er klar, vil vera å markere
for både kvinner og menn.
For når
alt kjem til alt så er fotball me brenn for. Ikkje meir. Ikkje mindre😊
*Her må eg bruke "kvinneleg" for å markere at ein prøver å få også fleire jenter til å bli fotballdommarar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar