Innlegg

Bilde
Er du langt framme i skoa? Med jamne mellomrom dukkar det opp, snakket om å vera langt framme i skoa. Eg er ikkje så veldig glad i slikt språk, og i helga har eg gått og fundert på kva som er greia med den metaforen. For er det eigentleg ein god metafor?  Framleis noko sår i beina, og då spesielt på tærne, etter ei skikkeleg 50-årsfeiring i helga der underteikna deltok i die Schuhplattler-Tanzgruppe, og i den etterfølgjande dansen som gjest, slår det meg at metaforen å "vere langt framme i skoa" må ha blitt brukt første gang av ein mann. - Vi jobber med litt kjedelige produkter som for mange er vanskelig å forstå og da er det veldig viktig at vi ligger langt fremme i skoene, sier markedsdirektør Aina Lemoen Lund i DnB. Hun har vært med å utvikle DNBs nye marketingformel. (https://kampanje.com) Noko dei fleste kvinner kjenner til er at å vera langt framme i skoa over tid gjere VELDIG lite godt for tær, bein, ja rygg. Og i alle fall når du har passert 30 år og vel s...

Akademisk ordliste for norsk på plass

Bilde
Om du er student så har du kanskje allerede merket at det kan være vanskelig å lese enkelte akademiske tekster fordi det i tekstene er brukt ord du ikke helt forstår. Selv har jeg jevnlig rotet meg bort i begrepene teori og modell , og fremdeles vil jeg helst unngå temaet😓 Og er sammendrag og resymé det samme? Uansett, nå har Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo laget en ordliste av akademiske ord på norsk . Her kan du søke på et ord i ordlista og lese definisjonen i en ordbok. I tillegg kan du også se eksempler på hvordan ordet blir brukt i en akademisk tekst. Primus motor for prosjektet har vært Kristin Hagen og Ruth Vatvedt Fjeld ved Universitetet i Oslo . Jeg håper det snart kommer en norsk-engelsk ordliste som dekker de samme uttrykkene, siden det brukes fryktelig mye anglisismer i stedet for norsk, slik som 'abstract' i stedet for 'sammendrag'. Om det nå er det samme😀😌

Cyber Monday

Bilde
Ikkje før me har overlevd Black Friday , som har sege ut til å bli ei heil svarteveke, for ikkje snakke om ein heilsvart "weekend" så slår Cyber Monday i mot oss. Måndagen etter hausttakkefesten er internettbutikkane sin startdag for julehandelen må vita. "Cyber Monday salget er i gang - Timestilbud og superdeals‎" Korleis det heng saman med at me i fleire veker har blitt pepra med juletilbod og rabattar kan ein jo lure på. Fenomenet er relativt nytt, og uttrykket oppstod rundt 2005 etter at aktiviteten hadde vore i gong i detaljistbransjen sidan 2002 og deromkring. Ei lita oppfordring til bransjen kunne kanskje vore å kome opp med nokre fornorskingar for alle desse handledagane som no kjem sigande frå USA, ein etter ein. Når nye ord dannast på norsk som erstatning for engelske, enten det gjeld allmenspråket eller fagspråket, slik som for det me nok kan kalla ein term, "Cyber Monday", skjer det ofte ved at det oppstår det ein kallar ein hybridte...

Black Friday

Bilde
I morgon er det  Black Friday , eller  svartefredag  om me skal snakke norsk. Det høyrest ikkje ut som eit norsk fenomen, og det er det heller ikkje, sjølv om enkelte butikkar har markert dagen i ei veke allereie, altså ei Black Friday-veke👀. Black Friday viser til dagen etter  Thanksgiving , eller hausttakkefesten som blir feira i USA den fjerde torsdagen i november. Dagen etter har mange fri og dermed tid til å starte med julehandelen. Mange butikkar opnar midt på natta, og tidsavgrensa tilbod står på rekkje og rad.    Så kvifor heiter det svartefredag? Enkelte hevdar at namnet går tilbake til børskatastrofen i USA i 1869 kor prisen på gull stupte etter ei tid med vill spekulasjon, og finansmarknaden braut saman.  Bruken av fargar for å namngje slike hendingar i finansmarknaden er eit vanleg fenomen på engelsk. Det store børskrakket på Wall Street i 1929 varte fleire dagar, og den første store nedgangen begynte torsdag den 24. oktober. I e...

Om Ipad, padda og nettbrett

Bilde
For nokre år sidan  skreiv eg om anglisismar som kjem inn i det norske språket og om "tablet" som hadde krøpe inn som blant anna "Ipad" eller "padde" på folkemunne, men som "lesebrett" i skriftspråket. Ordet "lesebrett" har enno ikkje kome seg inn i nynorsk- og bokmålsordboka, men det har derimot "nettbrett". Det som likevel ofte avgjer kva ting blir heitande er kva språkbrukarane seier og skriv, altså me som brukar norsk til dagleg. Så då er spørsmålet,  kva kallar du din duppedings?  Klikk på lenka og svar, https://www.poll-maker.com/poll1921568xB3844DAF-51 Om forslaget til statsbudsjett slår til og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen får dei 6 millionane dei no blir lova  kjem det forhåpentleg mange fleire ord inn. Og kanskje vil noko av pengane bli nytta til å jobbe med faguttrykk òg? Det er lov å håpa.

DUGNAD

Bilde
Eg innrømme det, eg likar dugnad . Eg finn glede av å stå på i lag med andre som òg ønsker å bidra til gruppa, enten det er den lokale fotball- eller handballgruppa, korpset, drillen eller speidaren. For min del går det mest i handball- og fotballting. I dag fyller ein av dei to som har skuld i at eg har blitt slik, år, nemleg far min.  Gratulerer med dagen pappa! I dag kan du feira 80 år, saman med mamma som fylte 75 år tidlegare i sommar.  Til saman har de utført vanvettig mange dugnadstimar. Årssnittet for innsatsen de har lagt ned for ei lang rekkje grupper ligg langt over dei 15 timane + som enkelte kranglar om for tida i det idrettslaget eg høyrer til. «Dugnad» - eit flott ord. Det kjem frå norrønt,   dugnaðr , og betyr «hjelp». Dette omgrepet har altså eksistert i vår del av verda lenge før me fekk vår moderne velferdsmodell. Og det er ikkje eit omgrep resten av verda kjenner like godt. Faktisk er dette noko det kan ta litt tid å forstå ...

Det stinker blåruss…

Bilde
Like sikkert som at bjørka blir grønnere hver vår er det at avisene skriver om russefeiringen i begynnelsen til midten av mai. Stort sett er det de litt mer negative sakene som får oppslag, og det er derfor på en måte bedre jo færre oppslag som kommer. Det dreier seg som oftest om rødrussen og blårussen. Litt overraskende er det kanskje da at om en teller opp antall kommentarer om russen så nevnes blårussen nesten tre ganger så ofte som rødrussen. Skyldes det at det er flest blåruss eller at blårussen lager mest bråk? Neppe. Årsaken er at allmennspråket har lånt merkelappen til de som går med blå russedress, og bruker det metaforisk i helt andre sammenhenger resten av året mens russen sitter på skolen og jobber. I Dagens Næringsliv 21. mars 2014 slås det for eksempel stort opp at Moods-direktør Nils Are Karstad Lysø nå blir direktør for Den Norske Opera & Ballett. Selv forteller han at selv om han er « en såkalt ekte blåruss, har han en sterk interesse for musikk». S...