Innlegg

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Bilde
Fem minuttar etter at eg hadde tatt eit bilete frå min nye, perfekte plass heilt i vasskorpa på Hiskjo, plugga øyreproppane i og starta lydboka, kom telefonen. Namnet til kreftlegen viste på skjermen og eg visste at noko var veldig gale. Når ein er lenge kreftsjuk, og ofte så dårleg at det er tungt berre å kome seg frå senga til sofaen, så gjeld det å nyte dei gode dagane. Emma er utruleg flink til det. Helga før ho skulle inn for ein ny stor operasjon, hadde ho derfor tatt turen til Oslo med venninna Tuva for å nyte siste rest av ein «relativ» god form og litt sommar. Då eg såg at det var kreftlegen som ringte forstod eg at det var dårleg nytt. Hennar første spørsmål var om Emma var der med meg. Eg måtte jo svare som sant var at ho var i hovudstaden på vift. Eg forstod raskt at det ikkje var ideelt. CT-bildene dei hadde tatt av Emma tidlegare i veka viste blodpropp som kunne rase opp til lungene om ikkje Emma fekk hjelp. Der på svaberget, mens hegren higra på skjeret utanfor, blei...

#FUCKCANCER

Bilde
#FUCKCANCER Av og til nyttar det ikkje å vere verken flink eller snill. Av og til skjer ting som ikkje skal skje, og det er ikkje noko meining med det. Av og til er berre livet skikkeleg urettferdig, uforståeleg og grusomt. Me gjekk inn i påskeferien med eit fint og skjørt, deilig håp. Emma var ferdigbehandla og erklært frisk. Dato for første etterkontroll var satt. Å vera der var så utruleg og så vanvitig godt. Plutseleg gjekk det an å tenkje på at ein kunne leva igjen og ikkje berre vera i live frå veke til veke. Omtrent samtidig kom beskjeden om at ein av Olav Martin sine kompisar brått hadde døydd, etter ein rutineoperasjon. Ein ungdom som eg kjende som ein smilande og fin ung mann var ikkje her meir. Her hadde me gått i eit år og kjempa kvar dag for at Emma skulle få leve, og så vipps så var han vekke for alltid.…? Det var, og er heilt absurd. Det gjorde at me ikkje følte noko behov for storfeiring i påska. Så kom etterkontrollen for Emma, med skanning og blodprøva...

Third time is the charm

Bilde
Då er me her, på oppløpssida. Det har vore ein lang maraton, og det er ein meir resignert og nøktern energi som heng i rommet. I dag gjer kirurgen eit tredje forsøk på å få ut Driten for godt. Alle gode ting er som kjent tre💙 Natta blei kort og dagen starta tidleg. På programmet stod oppmøte Haukeland nord igjen, 4. etasje. Det betyr til venstre når ein kjem inn, og så opp ein av dei nye, high-tech snakkande heisane. Tre korridorar med nokså lik merking på dørane seinare fekk me plass i ein Klippan Ikea-sofa mens me venta på at Emma skulle bli henta.  Eg er lite glad i hyppig bruk av floskelmetaforar. Så når folk ber meg bli med på ei "reise" får eg neller. Men det slo meg då me sat på innleggingsmøte med sjukepleiaren i går og kjempa mot tårene at å vere omreisande sjukehuspasient er som ei blytung reise. I snart eitt år har me vandra rundt og måten Emma framleis tar i mot alt gjer meg audmjuk. "Reisa" har vore lang. No er det nok ein runde og alt er nytt, fr...

Krafttak mot kreft

Bilde
I desse dagar samlar Sotrarussen inn pengar til kreftforskninga. # Krafttakmotkreft blir arrangert saman med Kreftforeningen, og du støttar ved å vippse til #451025 På bildet ser dåke Emma saman med lagvenninnene Michelle og Line som har hatt kreft, og Isabell og Malin som har gått igjennom eit år som pårørande til mamma si, Alvhild, som no er kreftfri💙  Eg synes bildet er ein "god" illustrasjon på at kreft kan ramme alle, og at svært mange av oss vil føle på kreftkampen, enten som sjuk eller pårørande.  Vær ikkje i tvil, kreft er noko drit. Frå det sekundet ein får beskjeden til ein er ferdig med behandlinga, sit frykten som ei klo. Saman med frykta sit sorga for livet ein mister, tida som går medan ein kjempar, nokså åleine, for å få tilbake den kvardagen ein før tok som sjølvsagt, men som ein no er redd ein ikkje skal få tilbake. Heldigvis viser statistikken for dei fleste typane kreft at stadig fleire overlever og blir friske. Storebror min, Per Helge, sa ...

HMAS II

Bilde
Når det enklaste blir umogleg Eg reknar med at dei fleste har opplevd at hukommelsen kan bli trigga av eit sanseinntrykk, gjerne ei lukt, slik at minne strøymer på. Å få trigga eit positivt minne er herleg. Det tunge er når dei negative blir trigga gong på gong slik at ein ikkje klarer å få til det som før var det enklaste av alt. Eit av mine gode «triggerminne» er når eg kjenner ei lukt som minner om min første skikkelege (dyre) hårspray. Året var 1985. Det året vann Bobbysocks Melodi Grand Prix og skulekorpset reiste til vennskapskommunen Torsby i Sverige med La det swinge på repertoaret. På vegen stoppa me i Hokksund, der sjølvaste Bettan og Hanne & co skulle ha konsert. Eg og Tine, barndomsvenninne og medfløytist, hadde kjøpt nye hårsprayar og tømte kvar vår halve flaska i iherdig jobbing med det som skulle bli kveldens frisyre. Å kjenne den lukta igjen og kome på kva lukt det er, er herleg. Denne veka har Emma nok ein gong tatt turen til Haukeland for høgdoseb...

24. desember 2020

Bilde
 Endeleg jul🎄 I dag er det endeleg jul.  Tre nøtter til Askepott  er i gong og Askepott har nettopp fått ballkjolen sin. No samlar ho mot til å gå inn på slottet for å møte prinsen. Etter sjekk på Haukeland i går, er  me fulle av mot også. Målet er nådd. Det blir jul heime på Emma. Lista ligg så lågt ho kan, men det kjennes veldig ok. Vanlegvis likar eg advent godt, og eg synes det er viktig å  prøve å nyte ventetida så sakte som mogleg. Men i år har eg kvar dag venta på at timane skulle gå så fort dei berre kunne.  No er det tid for å roe ned litt ei stund. Nivået på Emma sine blodplater er imponerande høgt (høgare enn venta i følgje legen)og beinmergen er i ferd med å bli skikkeleg nyoppbygd igjen. Det tyder på at det var nokon flotte stamceller dei hausta. Dermed har eg fått min julepresang. Me står nok over finstasen i kveld. Planen er i staden ei blanding av julepysj og småstygge julegenserar. Julemenyen er skifta ut til noko som er litt mindre kr...

23. desember 2020

Bilde
Plan A for å knuse Driten I dag er det tid for Haukeland igjen. Det er del av plan A, så me er ikkje så veldig stressa. Likevel er  det alltid litt tungt å måtte ta turen over Danmarksplass for å besøke Haukeland når ein endeleg har fått litt fri. Men det blir ein vane. Det er slik det er.  Forma til Emma er sånn nokon lunde, etter forholda. Og så lenge blodprøven i dag ikkje viser noko uventa, ligg alt no til rette for at ho skal kunne nå målet sitt om å feire jul heime. Ein ting me har lært, og som eg har nemnt fleire gonger, er at me kun har éin gjeldande behandlingsplan for Emma, nemleg plan A.  Plan A var først at ho skulle vera ferdigbehandla på ettersommaren/tidleg haust. Men slik gjekk det ikkje. Det blei nødvendig med omkamp, og kreftlegen la derfor ein ny plan. Så langt ser det ut som den nye plan A fungerer. Det har hendt av og til at me har turt å spørje kva om det ikkje går med... Men då har legen bestemt svara at ho kun legg éin plan A, og det er...