#FUCKCANCER


#FUCKCANCER

Av og til nyttar det ikkje å vere verken flink eller snill. Av og til skjer ting som ikkje skal skje, og det er ikkje noko meining med det. Av og til er berre livet skikkeleg urettferdig, uforståeleg og grusomt.

Me gjekk inn i påskeferien med eit fint og skjørt, deilig håp. Emma var ferdigbehandla og erklært frisk. Dato for første etterkontroll var satt. Å vera der var så utruleg og så vanvitig godt. Plutseleg gjekk det an å tenkje på at ein kunne leva igjen og ikkje berre vera i live frå veke til veke.

Omtrent samtidig kom beskjeden om at ein av Olav Martin sine kompisar brått hadde døydd, etter ein rutineoperasjon. Ein ungdom som eg kjende som ein smilande og fin ung mann var ikkje her meir. Her hadde me gått i eit år og kjempa kvar dag for at Emma skulle få leve, og så vipps så var han vekke for alltid.…? Det var, og er heilt absurd. Det gjorde at me ikkje følte noko behov for storfeiring i påska.

Så kom etterkontrollen for Emma, med skanning og blodprøvar. Og legen måtte komme med den brutale beskjeden. Driten hadde nok ein gong begynt å meska seg. Tre veker etter friskmeldinga var Emma fortsatt alvorleg sjuk, og planar om russefeiring og tid med klassen på tampen av skuleåret, forsvann.

Møtet med legen var på same rommet kor me trefte ho første gong. Sjølv om heile magen var i lettare panikk då eg gjekk inn, tenkte eg at dette passa fint. No er ringen slutta og me takkar for oss i same rommet kor det starta. Den første gongen då veneporten skulle inn for å ta i mot eit års behandling av cellegift.

Vel, slik vart det altså ikkje, og når sommaren no har starta for fullt, så har Emma alt vore igjennom nok ein type cellegiftkur, GOP. Cellegift har stygge biverknader, og denne kuren har ikkje vore noko unntak. I dagane etter toler ikkje Emma å ta på eller drikke noko kaldt. Pepsi Max frå kjøleskapet blir derfor rimeleg uaktuelt. I tillegg har kuren gitt Emma sterke og smertefulle krampar i beina, som har gjort ho nokså handikappa. Heldigvis kunne Øygarden kommune stille med rullestol omtrent på dagen då eg kom på at det kunne vera ein god ide.

Noko som har vore ekstra tungt på vegen vidare no er at det ikkje lenger er ein klar plan A. Det å ha ein plan som ein trur sterkt på, har gjort det mogleg å vandre vidare. No er me i eit opnare terreng der vegen vidare ikkje er gått opp før.

Midt oppi dette er det ei utfordring at blodplatene til Emma er så låge. Det er ein biverknad av GOP-kuren, og etter høgdosebehandlinga har ikkje kroppen klart å ta seg nok opp igjen til å takle denne nye behandlinga. Låge blodplater gjer at blodet koagulerer dårleg om ho skulle begynne å blø. Til tider har ho vore på Haukeland kvar dag for å måle blodplatenivået for å sjå om det har blitt så lågt at ho må få påfyll frå Blodbanken. Nokre posar med trombocyttar dvs. blodplater har det blitt (likar å seie ‘trombocyttar’, det høyrest litt koseleg ut, men er jo ikkje det…), og òg eit par blodposar.

Dei låge blodplatene har gjort at mellomkurane måtte bli svakare for så å bli kutta ut. Og no har effekten av cellegifta gitt seg og det blir neppe fleire rundar. Den moglege planen er derfor ikkje lenger aktuell.

Når me no ikkje ligg i komastilling heile tida, utan evne til å puste, så skuldast det at legen til Emma heile tida jobbar intenst for å finne ein sti som kan ta Emma tilbake på vegen mot å bli frisk. Samtidig med den negative beskjeden om at cellegifta ikkje lenger fungerer slik ho skal, fekk me vite at kirurgane vil prøve å operere ut den største svulsten.

Så no går me for ein fjerde operasjon så snart blodplatenivået blir høgt nok🤞 Første plan var å operere i morgon, men den datoen glapp dessverre i går sidan kroppen enno ikkje er klar. Sjølv om det er svært uheldig, kan ein ikkje jukse seg til gode prøvesvar😔 Neste sjanse er om ei veke...🤞🤞🤞

Ein køyretur til 'Den gyldne måke' fungerer til tidtrøyte innimellom når ein ventar på prøvesvar og er konstant kvalm og dårleg - fast rasteplass med naturutsikt på Lagunen🌸

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass