Innlegg

St. Hieronymus

Bilde
I dag feirar NHH Hieronymus – skytshelgen for omsetjarar. Eusebius Sophronius Hieronymus (340–30. september 420), kjend som den heilage Hieronymus , er opphavsmannen til Vulgata , den latinske omsetjinga av Bibelen frå gresk og hebraisk. På engelsk blir han kalla Jerome, på latinsk Eusebius Sophronius Hieronymus , og på gresk Εὐσέβιος Σωφρόνιος Ἱερώνυμος. Han sette i gong arbeidet då han blei klar over at eksisterande latinske omsetjingar måtte reviderast, og arbeidet tok fleire år. Først arbeidde han ut frå greske omsetjingar, samla i Origenes’ Hexapla, men tok så utgangspunkt i den hebraiske grunnteksten – eller kjeldeteksten som ein no seier innan omsetjingsteori. Hieronymus ligg gravlagt i Santa Maria Maggiore i Roma. Han blir rekna som ein av Vestkyrkja sine fire store kyrkjelærarar saman med Ambrosius, Augusin og Gregor. Minnedagen er eigentleg 30. september. (Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon )

Er ikkje norsk like greit då?

Synest du det er kult med engelsk i tide og utide? Eg synest ikkje det, eg byrjar faktisk å bli litt lei det. Blant anna i stadige reklamesnuttar - gjerne på norsk - som avsluttar med noko fengjande på engelsk. Because you're worth it! Særleg! Eller alle dei horrible stillingsannonsene, kor ein søkjer etter key account managers eller engineers. Det tar jo ein heil språkanalyse å finne ut kva slags kompetanse verksemda er ut etter, og om ein sjølv kan vera kvalifisert. Når det er sagt, så brukar eg engelsk når eg ikkje skal eg òg. Eg har til dømes lagt meg til den teite uvanen å seie "Whatever..", og veit at det høyrest rimeleg dumt ut. Det er som ei sykje som smittar og spreiar seg. Shame on me! Av og til dukkar det opp gode ambassadørar for norsk språkbruk der ein kanskje ikkje ventar det. Tidlegare NHO-leiar, Finn Bergesen jr. var ein slik ambassadør. Som han sjølv sa det i eit oppslag på NHO si nettside:  - Jo flinkere man er i eget morsmål, jo flinkere blir ...

Finanskrisen gir språkrot

Bilde
Artikkelen er publisert i Paraplyen , NHHs nettavis i samarbeid med forskning.no  (og skrevet av Espen Bolghaug) Siden den globale finanskrisen begynte i 2007 har tusenvis av avisartikler vært fylt av nye, norske økonomiske uttrykk og termer. - Dette kan skape språkforvirring, mener Marita Kristiansen. «Strukturerte spareprodukt», «hedgefond» og «subprimelån» er eksempler på uttrykk som har blitt nærmest vanlige i det norske språket i tiden etter den finansielle uroen startet. Felles for dem er at de enten er låneord, eller er fornorsket, fra engelsk, og at de finnes i mange relativt like varianter. - Dette kan være med på å skape språkforvirring omkring hva det faktisk skrives og snakkes om, mener språkforsker Marita Kristiansen. Som førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole forsker hun på fagterminologi innenfor økonomi og administrasjon. Hun har nå sett nærmere på pressens bruk av økonomiske termer i forbindelse med dekningen av de økonomiske urolighetene i verdensøkono...

Sidrumpa strileby eller berre Straume by?

Bilde
Bergens Tidende presenterte i november i fjor eit oppslag om byplanane for Straume-området og Bildøy med overskrifta "Slik kan strilebyen bli" . Som innflyttar til staden har eg aldri følt meg vel med nemninga "stril". Årsaken er nok blant anna den som er skildra i Wikipedia, nemleg at uttrykket'stril' har blitt brukt i negativ og til dels nedsetjande meining, til å skildra bønder og fiskarar i det nære opplandet til Bergen by.   http://www.bergen-chamber.no/activity/2619/ekskluderende-bergen - Ein kjend måte å definera ordet 'stril' på har vore "det folket som kan ro inn til Bergen i løpet av ein dag". Som bømling er eg derfor heller ikkje stril sidan eg neppe ville klart turen på to dagar ein gong frå vestsida av Bømlo. Uansett, eg synes ofte nemninga blir bruka på ein slik, litt nedsetjande måte - også av Bergens Tidende. Lennart Fjell støttar meg i det ( http://www.bt.no/blogg/leserombudet/Veit-BT-kva-ein-stril-er-1938389.html ):...

Buzzwords 2011 i følge Charlie Brooker

Bilde
 Godt nytt år forresten!  Charlie Brooker gir i The Guardian (28. desember 2011) en oversikt over årets mest omtalte eller populære fenomener/uttrykk på engelsk. Jeg gjengir teksten hans under så kan dere lese om dere vil. Uttrykket "sock puppet" er jo både artig og høyst aktuelt i disse bloggetider. Planking fikk vi merke vi også. Kombinasjonen Merkel og Sarkozy - 'Merkozy' er et fenomen som har blitt stadig mer vanlig, og Brooker nevner eksemplet Brangelina som et parallelt utrykk (for de av oss som både følger med på sladrespaltene og utenrikspolitikk). Uttrykkene 'bond yield' (obligasjonsavkastning) og 'soverign debt' (statlig gjeld) ligger tett opp mot det jeg har forsket på det siste året, finansspråk og anglisismer i norsk. Der er det mye artig å ta tak i for det brukes mye engelsk i finansspråket på norsk, men det kommer jeg tilbake til ved en senere anledning. Under finner dere teksten til Brooker i sin helhet med referanse til ne...

Ekspressparkering for kortreiste og langsame handleturar

Bilde
Alt er relativt seier ein ofte. Òg synet på kva som er ein kjapp handletur. Sartor storsenter på Straume tilbyr no kundane sine parkeringsplassar for ekspresshandling. Parkeringsplassane som ligg i kortast avstand til inngongsdørane er markerte med "ekspress" og omgjorde frå gratis- til betalingsplassar. Det kan sjå ut som om senteret på denne måten heng seg på kortreist og langsambølgja . For som direktør Thomas Skålens ved senteret seier så er dette ikkje gjort for at senteret skal tene pengar: Ekspressparkering er et nytt tilbud til kunder som ønsker en sentral parkeringsplass, for eksempel dersom de bare skal raskt innom senteret for å gjøre et ærend. ... - Spesielt når det er mange mennesker på senteret, tror jeg dette vil være et meget godt tilbud til kunder med dårlig tid og som vil betale litt for å parkere sentralt, sier direktør Thomas Skålnes ved Sartor Storsenter. Ja, dette høyrest ut som eit greit tilbod til kundane, men ein må dra litt på smilebåndet òg. For ...

Fjell kommune - ein nynorskkommune?

I Bergens Tidende står det følgjande i dag (17. november 2011): Nynorsk taper i årets nynorskkommune. Onsdag mottok Fjell kommune prisen som årets nynorskkommune. Kommunens skoleelever derimot, vraker nynorsken. Dette er noko eg har tenkt på i fleire år - ja sidan eldsteguten byrja på Foldnes skule - så når saka nok ein gong no dukkar opp i Bergens Tidende må eg berre seie noko. For Fjell kommune er ikkje ein nynorskkommune, ikkje eigentleg. Når eldstemann skulle skrivast inn i skulen på Foldnes fekk me nemleg følgjande val: bokmål eller nynorsk . Og Foldnes skule er ikkje nokon liten skule. Det er 14 klassar med til saman 300 elevar som går der så kva språkopplæring skulen tilbyr har ein del å seia for antalet nynorsk- vs. bokmålsbrukarar i kommunen. Eg er sjølv oppvaksen i ein nynorskkommune, kjente til forsking som viser gode resultat for nynorskelevar som har bokmål som sidemål og var rimeleg klar for at min unge, jo han skulle lære nynorsk. Men i skjemaet var det ein pare...