Sidrumpa strileby eller berre Straume by?
Bergens Tidende presenterte i november i fjor eit oppslag om byplanane for Straume-området og Bildøy med overskrifta "Slik kan strilebyen bli". Som innflyttar til staden har eg aldri følt meg vel med nemninga "stril". Årsaken er nok blant anna den som er skildra i Wikipedia, nemleg at uttrykket'stril' har blitt brukt i negativ og til dels nedsetjande meining, til å skildra bønder og fiskarar i det nære opplandet til Bergen by.
http://www.bergen-chamber.no/activity/2619/ekskluderende-bergen- |
BT puttar folk i båsar dei ikkje høyrer heime i. Avisa nyttar ofte den gamle motsetnaden mellom bymann og stril, men den har gått ut på dato for lenge sidan. Eg synest og avisa til tider nyttar omgrepet i saker der strilen blir litt latterleg, av typen «full stril», seier Fjell.
Urtypen av stril var, i følgje Wikipedia, sagt å vera liten av vekst, tettvaksen og med svært lange armar - eit resultat av all roinga kanskje:-) Hm, eg har nok sett få av den apearten i nabolaget i allefall. I følgje Store norske leksikon derimot er ein stril ein person som er anten bonde eller fiskar frå Strilelandet omkring Bergen.
Stril har vært brukt av bergenserne som økenavn, men forekommer uten nedsettende betydning hos Petter Dass i en vise fra ca. 1700. En mulig forklaring er at stril er dannet til verbet strila, «streve og ro».
Høyr der, det var noko anna! Denne siste definisjonen av omgrepet passar godt saman med måten Sartor senter, det lokale handlesenteret framhevar strilanamnet i måten å marknadsføra seg på. Her blir gamal havkultur framheva saman med det moderne i ei spanande merkevarebygging synest eg.
Uansett tolking av strilaomgrepet spørs det kva som kjem til å hende når Straume by står ferdig - vil merkelappen 'stril' fortsetja i bruk? Det vil i såfall verta trong for ei innhaldsendring sidan det blir lite som minner om tettbygde, langarma bønder og fiskarar (visste du forresten at fersk fangst frå havet stadig er å få kjøpe frå strilafiskarane, rett frå kai?).
Roturar til Bergen vil nok òg bli sjeldnare når ein vil kunne ro berre nokre hundre meter for å koma til eigen by.
Kommentarer
Legg inn en kommentar