Telefonkiosken og andre utdøyande fenomen...


Under overskrifta "Vet du hva dette er?" hadde Bergens Tidendes nettavis nyleg eit bilete av ein kunstinnstallasjon og ein telefonkiosk (BT.no, 13. februar 2013).

Det slår meg plutseleg at eg faktisk ikkje veit om ungane mine veit kva dette er - og då meiner eg telefonkiosken. Referansane til uttrykk som 'å slå på tråden', 'å slenge på røyret, eller 'å slå nummeret' - og sjølve telefonkiosken - eksisterar vel knapt for neste generasjon. Tulleringing til andre kioskar i kommunen går jo ikke lenger an, no er det berre facebook og snapchat som gjeld.

Vet du hva dette er?
Eg tenkjer jo sjølvsagt ikkje på meg sjølv som antikvarisk, men det er kanskje akkurat det eg er i ferd med å bli. Å snakke om mjølkespann og mjølkerampe får meg til å høyre "sykt gammal ut", men eg må innrømme at dei fantest begge då eg var liten heime på Hollund, Bømlo (den var altså laga i sement og såg heilt annleis ut enn denne på biletet her...).

Mjølkespann var no eigentleg på veg ut då eg var liten òg da, men kassettspelaren, den var stor den. Med rewindknott for spoling, rec-knott til å ta opp 'Ti i skuddet' med kvar tirsdag, og sleep-knott til å spele av songane med til eg sovna frå det.

Slik er det i fagspråket òg, av og til dannar ein termar eller fraseologi som etterkvart går ut på dato fordi objektet det refererer til ikkje lenger blir nytta. Som når eg må svelgje tunga mi når eg held på å ta eksempelet 'å krysse ein sjekk' for å forklare kva eg meiner med fraseologi til studentar som knapt nok har kontantar i lomma, og iallefall ikkje noko sjekkhefte.
Uansett trur eg det er på tide med ein telefonkioskekskursjon for dei søte små og meg sjølv medan det enno er mogleg.

Kommentarer

  1. jeg har alltid trodd det var rewind, og ikke review? (bakover - fremover var det jo fast forward).

    Og dessuten er du vel for ung til å ha drevet noe særlig med sjekk? bortsett fra i England da, der driver de visst med slikt ennå...

    SvarSlett
  2. Det har du sjølvsagt rett i, retta opp:-) Men er nok ikkje for ung til å ha brukt sjekk...

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass