Feitetirsdag i dag

I dag er det feitetirsdag, som eg seier på mi dialekt, eller feitetysdag om eg skal skrive korrekt.

Det er dagen før dagen, for i morgon, på oskeonsdag, byrjar fasta, som i motsetnad til jula, varer heilt til påske. Då vert det smalhans, medan det på dagen i dag er lov til å innta kraftig kost. Fleskepannekaker til dømes.

På engelsk snakkar ein om Shrove Tuesday eller Pancake Day, som passar godt saman med fleskepannekaker til middag. Franskmenna feirar mardi gras.

Om du har tid og lyst kan du jo vurdere Aperitifs meny for dagen: http://www.aperitif.no/content/view/full/26456.

Sjølv skal eg jobbe heile dagen, kun med eit lite opphald saman med Sotras 10-års håndballjenter . Så sånn sett får det bli dagen der på etter blåmåndag som var i går.

Kommentarer

  1. Takk for publisering to ord Marita. Det er veldig interessant.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det:-) Har dere noe av det samme i Colombia?

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass