I dag er det jonsok

Eller eigentleg er det jonsokafta som er i dag 23. juni, medan sjølve Jonsok, eller sankthans er i morgon. Men me har alltid markert kvelden før og aldri den 24. juni.

Namnet Jonsok har norrønt opphav - jónsvaka - frå Jon som er ei forkorting av Johannes (på engelsk heiter Jonsokafta St. John's Eve). Der eg bur no snakkar dei mest om St. Hans (Sankt Johannes dag), men det blir heilt feil for meg å seie. Eg seier Jonsok. Andre namn er jonsvaka eller jonsmesse - høg grad av synonymi og rom for lokale variantar her altså.

Katolikkane har minnedag 24. juni etter Johannes Døyparen. For meg er derimot ikkje Jonsok nokon religiøs merkedag, og i Noreg blei datoen avskaffa som heilagdag allereie i 1770 ved festdagsreduksjonen. Typisk feirar me no med gode naboar kor me møtest med grillmat og godsaker i kjølebagen for å brenna bål - om veret tillet det.

I år spøkjer det med bålet sidan det er så mykje vind. Og slik har det vore mange gongar. Då me feira på Jonsokhaugen, høgaste toppen bakom husa på Hollund var største spenninga knytt til om me fekk brenne bålet eller ikkje. Med fleire brannmenn som deltakarar følte me oss som oftast trygge - det gjekk no alltids godt.

Kanskje var det allereie då dugnadsåra i meg blei fødd? Me ungane jobba iallfall i mange dagar (eller var det veker, litt usikker på det tida er liksom annleis når ein er unge?) med å samle inn fjøler, gamle klede og blad (masse spanande å kikke på, òg det som ikkje var meint for oss:-)), og anna skrap som kunne brennast. Målet var eit stort bål, gjerne større enn året før. Og stort bål måtte me ha, spesielt sidan me skulle brenne heks. For det gjorde me alltid, brutalt snekra me heksekropp og kledde nokre av kleda som me hadde samla inn. Denne skikken har me visst fått frå tyske handtverkarar på 1860-talet...

På Jonsokhaugen gjekk det i sangleikar som Tyven tyven, Slå på ringen, Bro bro brille, Ta den ring osv. Det var stor stas for då var også alltid dei vaksne med.

I kveld har eg skumle planar om å få med nok folk til å leike Mafia, ein ny leik eg har lært nettopp - veldig kjekk og lite krevande om ein helst vil bli sitjande i den vaglete stolen ein har slept med seg bort til Jonsokfeiringa.

I fjor feira eg Jonsok i Malaga kor folk samlast på stranda for å feire, feste og bade om kvelden - medan me i Noreg har midtsommarlyse netter:-)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass