St. Hieronymus
I dag feirar NHH Hieronymus – skytshelgen for omsetjarar. Eusebius Sophronius Hieronymus (340–30. september 420), kjend som den heilage Hieronymus , er opphavsmannen til Vulgata , den latinske omsetjinga av Bibelen frå gresk og hebraisk. På engelsk blir han kalla Jerome, på latinsk Eusebius Sophronius Hieronymus , og på gresk Εὐσέβιος Σωφρόνιος Ἱερώνυμος. Han sette i gong arbeidet då han blei klar over at eksisterande latinske omsetjingar måtte reviderast, og arbeidet tok fleire år. Først arbeidde han ut frå greske omsetjingar, samla i Origenes’ Hexapla, men tok så utgangspunkt i den hebraiske grunnteksten – eller kjeldeteksten som ein no seier innan omsetjingsteori. Hieronymus ligg gravlagt i Santa Maria Maggiore i Roma. Han blir rekna som ein av Vestkyrkja sine fire store kyrkjelærarar saman med Ambrosius, Augusin og Gregor. Minnedagen er eigentleg 30. september. (Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon )