Padde, pad, tab eller lesebrett. Kjært barn har mange navn.
Det norske språket fangar stadig opp anglisismar, eller ord og uttrykk som kjem frå det engelske språket. Av og til får desse uttrykka norske avløysarord og av og til arvar me det engelske uttrykket med større eller mindre tilpassingar på norsk.
Ein slik anglisisme er tablets som på norsk har fått bl.a. avløysartermen lesebrett. Andre uttrykk er nettbrett, iPad eller padde. Termen iPad er litt spesiell sidan han jo er eit merkenamn på eit spesielt lesebrett, og derfor ikkje kan brukast generelt. Uttrykket lesebrett er eit greitt uttrykk som skildrar rimeleg bra kva begrep det er snakk om sidan ein av dei viktigaste funksjonane i slike dingsar er å vera eit leseverktøy.
Men eg må innrømme at eg likar avløysartermen som har blitt vidareutvikla frå iPad - padde.
Men likevel synes eg altså at padde-uttrykket for lesebrettet er kjekt, akkurat passe nostalgisk og samstundes ledig sidan det er få paddebilar på vegane no. Så heilt i strid med gode termdanningsprinsipp og språkpolitikk som tar til orde for fornorsking så kjenner eg at eg kosar meg med å skulle kunne seie padda, "Kor er padda mi?", "Eg må berre hente padda...". Eg ønskjer meg rett og slett ei padde å lese på. Når det er sagt er nok lesebrett den beste termen i skriftlege samanhengar som i tillegg er godt motivert til å skildre kva duppedingsen er for noko.
For ei lita oppteljing av bruken i norske aviser fram til no sjå neste innlegg.
Sjå også diskusjon om lesebrett kontra iPad på Språkrådet si nettside, http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Spraknytt_12010/Med-andre-ord/. eller
og http://mobil.kampanje.com/kommentert/article5433026.ece.
Ein slik anglisisme er tablets som på norsk har fått bl.a. avløysartermen lesebrett. Andre uttrykk er nettbrett, iPad eller padde. Termen iPad er litt spesiell sidan han jo er eit merkenamn på eit spesielt lesebrett, og derfor ikkje kan brukast generelt. Uttrykket lesebrett er eit greitt uttrykk som skildrar rimeleg bra kva begrep det er snakk om sidan ein av dei viktigaste funksjonane i slike dingsar er å vera eit leseverktøy.
Men eg må innrømme at eg likar avløysartermen som har blitt vidareutvikla frå iPad - padde.
Padde er jo eit kjent norsk ord, og passar ikkje veldig bra ut frå korleis eit lesebrett ser ut, smalt og tynt som det er. Padda er jo meir klumpete og rund og er nok grunnen til at ein på 1960-70-talet døypte Citroën-modellen DS "padda" på folkemunne. Og i min barndom brukte me òg uttrykket for "bobla", altså for den koselege folkevogna til Volkswagen. Eg ser no at dette var feil, men slik vart det no.
Ein god term skal helst gje assosiasjonar til kva begrep det er snakk om. Termen mus ('mouse') passar sånn sett godt til å skildre verktøyet me brukar til å klikke med på datamaskinen. Det gjeld òg bobla - lett å sjå kvifor folkevogna fekk dette tilnamnet.Men likevel synes eg altså at padde-uttrykket for lesebrettet er kjekt, akkurat passe nostalgisk og samstundes ledig sidan det er få paddebilar på vegane no. Så heilt i strid med gode termdanningsprinsipp og språkpolitikk som tar til orde for fornorsking så kjenner eg at eg kosar meg med å skulle kunne seie padda, "Kor er padda mi?", "Eg må berre hente padda...". Eg ønskjer meg rett og slett ei padde å lese på. Når det er sagt er nok lesebrett den beste termen i skriftlege samanhengar som i tillegg er godt motivert til å skildre kva duppedingsen er for noko.
Lesebrett eller padde... |
Sjå også diskusjon om lesebrett kontra iPad på Språkrådet si nettside, http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Spraknytt_12010/Med-andre-ord/. eller
Nettbrett, pad, tab, fjøl, padde… Alle vil lage flate datamaskiner. http://nrkbeta.no/2011/09/07/nettbrett-pad-tab-fjol-padde-alle-vil-lage-flate-datamaskiner/
og http://mobil.kampanje.com/kommentert/article5433026.ece.
Gleder seg over «padde»-krigenSamsung angriper Apples iPad med Galaxy Tab. - Desto flere «padder» som selges, desto raskere får vi et godt tilbud av norsk innhold, sier teknoekspert Øyvind Solstad. http://www.kampanje.com/medier/article5276655.ece)
Kommentarer
Legg inn en kommentar