Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2013

Telefonkiosken og andre utdøyande fenomen...

Bilde
Under overskrifta "Vet du hva dette er?" hadde Bergens Tidendes nettavis nyleg eit bilete av ein kunstinnstallasjon og ein telefonkiosk (BT.no, 13. februar 2013). Det slår meg plutseleg at eg faktisk ikkje veit om ungane mine veit kva dette er - og då meiner eg telefonkiosken. Referansane til uttrykk som 'å slå på tråden', 'å slenge på røyret, eller 'å slå nummeret' - og sjølve telefonkiosken - eksisterar vel knapt for neste generasjon. Tulleringing til andre kioskar i kommunen går jo ikke lenger an, no er det berre facebook og snapchat som gjeld. Eg tenkjer jo sjølvsagt ikkje på meg sjølv som antikvarisk, men det er kanskje akkurat det eg er i ferd med å bli. Å snakke om mjølkespann og mjølkerampe får meg til å høyre "sykt gammal ut", men eg må innrømme at dei fantest begge då eg var liten heime på Hollund, Bømlo (den var altså laga i sement og såg heilt annleis ut enn denne på biletet her...). Mjølkespann var no eigentleg på veg...

Feitetirsdag i dag

I dag er det feitetirsdag, som eg seier på mi dialekt, eller feitetysdag om eg skal skrive korrekt. Det er dagen før dagen, for i morgon, på oskeonsdag , byrjar fasta, som i motsetnad til jula, varer heilt til påske. Då vert det smalhans, medan det på dagen i dag er lov til å innta kraftig kost. Fleskepannekaker til dømes. På engelsk snakkar ein om Shrove Tuesday eller Pancake Day , som passar godt saman med fleskepannekaker til middag. Franskmenna feirar mardi gras . Om du har tid og lyst kan du jo vurdere Aperitifs meny for dagen: http://www.aperitif.no/content/view/full/26456 . Sjølv skal eg jobbe heile dagen, kun med eit lite opphald saman med Sotras 10-års håndballjenter . Så sånn sett får det bli dagen der på etter blåmåndag som var i går.