Hjelp, eg har blitt lagleiar! Dei som kjenner meg godt, veit at eitt av mine favorittomgrep er dugnad . Eg synes det er veldig kjekt å gjera dugnad og kjenne på kva det gjev. Etter mange år med vekedagar og helgar fylt med håndballtreningar og jentungar, seinare ungdommar, var dugnadsinnsatsen min slutt i fjor vår. Trudde jeg. Men så var eg kjempeheldig og fekk tilbod om eit nytt dugnadsverv rundt julatider: lagleiar for Sotra sportsklubb sitt damelag i fotball! Ny idrett, nye folk, ei heilt anna verd. Litt skummelt var det. Ikkje kjente eg hovudtrenaren, og ikkje kjente eg særleg mange av spelarane som målbevisste forflytta seg mellom parkering, garderobe, fotballhall og tilbake. Namnepugging måtte til. Av ein eller annan grunn ville hjernen helst blande enkelte som eg no ikkje kan forstå kunne blandast – dei er jo slett ikkje like og veldig seg sjølv. Litt etter litt skjedde det som måtte skje – spelarane, trenarane, luktene frå garderoben, boden og tigerbalsamen,...