DUGNAD
Eg innrømme det, eg likar dugnad . Eg finn glede av å stå på i lag med andre som òg ønsker å bidra til gruppa, enten det er den lokale fotball- eller handballgruppa, korpset, drillen eller speidaren. For min del går det mest i handball- og fotballting. I dag fyller ein av dei to som har skuld i at eg har blitt slik, år, nemleg far min. Gratulerer med dagen pappa! I dag kan du feira 80 år, saman med mamma som fylte 75 år tidlegare i sommar. Til saman har de utført vanvettig mange dugnadstimar. Årssnittet for innsatsen de har lagt ned for ei lang rekkje grupper ligg langt over dei 15 timane + som enkelte kranglar om for tida i det idrettslaget eg høyrer til. «Dugnad» - eit flott ord. Det kjem frå norrønt, dugnaðr , og betyr «hjelp». Dette omgrepet har altså eksistert i vår del av verda lenge før me fekk vår moderne velferdsmodell. Og det er ikkje eit omgrep resten av verda kjenner like godt. Faktisk er dette noko det kan ta litt tid å forstå ...