Å kvitre 140-teikn om forskning...
Monografien passer godt for ein forskar, då kan ein skrive opp og ned i mente om det ein forskar på. Artikkelformatet er også greit, her har ein òg bra med plass til å byggje opp eit argument, presentere kvifor ein studerar det ein studerar, korleis ein studerar det og kva for resultat ein kome fram til. Til sist kan ein konkludere og dra dei større linjene. Forskningskommunikasjon via Twitter derimot er ei anna greie - 140 teikn - er du galen!! Journalistane vel kvasinorsk framfor heilnorske termar! Dagens Næringsliv forvirrar med rotete språkbruk Norske økonomar elskar anglisimar meir enn sitt eige språk Det kunne eg ha twitra eller kvitra for å fått fram forskinga mi betre kanskje, eller blir det litt vel tabloid? Og så er det der med "followers" då, å skaffe seg følgjarar. Det ligg ikkje heilt for meg, eg som ikkje ein gong tør å spørje om å bli ven på facebook (I know, facebook er ut, ja ja...) No stikk eg iallefall straks på vaffeldrøs på NHH for å lære meir...