Sidrumpa strileby eller berre Straume by?
Bergens Tidende presenterte i november i fjor eit oppslag om byplanane for Straume-området og Bildøy med overskrifta "Slik kan strilebyen bli" . Som innflyttar til staden har eg aldri følt meg vel med nemninga "stril". Årsaken er nok blant anna den som er skildra i Wikipedia, nemleg at uttrykket'stril' har blitt brukt i negativ og til dels nedsetjande meining, til å skildra bønder og fiskarar i det nære opplandet til Bergen by. http://www.bergen-chamber.no/activity/2619/ekskluderende-bergen - Ein kjend måte å definera ordet 'stril' på har vore "det folket som kan ro inn til Bergen i løpet av ein dag". Som bømling er eg derfor heller ikkje stril sidan eg neppe ville klart turen på to dagar ein gong frå vestsida av Bømlo. Uansett, eg synes ofte nemninga blir bruka på ein slik, litt nedsetjande måte - også av Bergens Tidende. Lennart Fjell støttar meg i det ( http://www.bt.no/blogg/leserombudet/Veit-BT-kva-ein-stril-er-1938389.html ):...